Vinjerock 2018: Fotokurs

Arrangementsinformasjon

Fotokurs:

Dette kurset vil ta for seg korleis du forevigar gode opplevingar i naturen, nemleg korleis du kan ta fine bilete med kameraet ditt på tur. Ta med kamera, mobil med kamera, eller begge deler, og bli med på ein kort tur i nærmiljøet.


Gradering: Grøn (meir info)

Tidspunkt: Fredag kl.12:00-14:00

Utstyr:

  • Mobil med kamera
  • Kamera
  • Sitteunderlag
  • Drikke


Oppmøte:  DNTs turinformasjon.


 

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
fotokurs
foto

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2017, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (stig.oystein@vinjerock.no) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.