Vinjerock 2018: Ubekymrabuss

Arrangementsinformasjon

Kom deg ubekymra til Vinjerock!

Ubekymra-bussane går tur/retur Oslo, Trondheim og Bergen - strake vegen inn til Eidsbugarden. Hovudmålsetjinga er å gje vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd mot festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.

Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på din lokale busstasjon torsdag morgon. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.
 

OSLO 1:

Ubekymra og køfri festivaltransport tur/retur Oslo Bussterminal. 

Avreise torsdag 19. juli kl. 08:00, ankomst Eidsbugarden ca kl. 12:30.

Retur frå Eidsbugarden sundag 22. juli kl. 15:30, ankomst Oslo ca kl. 20:00.


OSLO 2:

Ubekymra og køfri festivaltransport tur/retur Oslo Bussterminal. 

Avreise torsdag 19. juli kl. 09:00, ankomst Eidsbugarden ca kl. 13:30.

Retur frå Eidsbugarden sundag 22. juli kl. 16:30, ankomst Oslo ca kl. 21:00.


SANDVIKA:

Ubekymra og køfri festivaltransport tur/retur Sandvika Bussterminal. 

Avreise torsdag 19. juli kl. 08:30, ankomst Eidsbugarden ca kl. 12:30.

Retur frå Eidsbugarden sundag 22. juli kl. 16:30, ankomst Oslo ca kl. 20:30.


BERGEN:

Ubekymra og køfri festivaltransport tur/retur Bystasjonen i Bergen. 

Avreise torsdag 19. juli kl. 09:30, framme på Eidsbugarden ca. kl. 14:30.

Retur frå Eidsbugarden sundag 22. juli kl 15:30, framme i Bergen ca kl. 20:30.


TRONDHEIM:

Ubekymra og køfri festivaltransport tur/retur Trondheim Sentralstasjon. 

Avreise frå Trondheim torsdag 19. juli kl. 08:00. Framme ca. kl. 16.00.

Retur frå Eidsbugarden sundag 22. juli kl. 10:00. Framme i Trondheim ca kl. 18:00.


Ubekymrabussen er eit samarbeid med Valdres Sparebank

 

God tur!


vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
buss
festivalbuss
transport

Restriksjoner

Bussen går direkte frå storbyane, og har ikkje moglegheit for påstigningar undervegs langs ruta.

Oppmøte seinast 30 minutt før oppsett avgangstid. Nærare detaljar blir sendt på e-post i forkant av festivalen.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.