Vinjerock 2019: Elvepadling

Arrangementsinformasjon

Elvepadling

Klar for det aller heftigaste kurset på Vinjerock? Kurset startar med ei økt om utstyr, sikkerheit og rutinar for ein elvepadlar. Så får alle kvar sin båt med komplett utstyr og det vert ei teknikkøkt på flatt vatn (også kalla Bygdin).

Som ei grande finale tek vi med kajakkane opp i Mjølkedøla, og den som føler seg klar for det kan få padle sitt fyrste elvestryk under stødig oppsyn av instruktørane.

Med andre ord har du her ei ypperleg moglegheit til å finne ut om elvepadling kan passe for deg. Men hugs: Du vert garantert blaut ;-)

Gradering: Blå (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt: 

  • Torsdag 17:00 - 20:00
  • Fredag 10:00 - 13:00
  • Fredag 14:00 - 17:00
  • Laurdag 10:00 - 13:00

Utstyr:

  • Ullundertøy
  • Sko som tåler å bli blaute
  • Handkle
  • Varmt skift

Lån av kajakkar og anna padleutstyr er inkludert i kursavgifta.

Oppmøte: DNTs turinformasjon

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
padle
padling
padlekurs
elvepadling

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.