Vinjerock 2019: Galdeberg & Langeskavltinden

Arrangementsinformasjon

Galdeberg (2075 moh.) m/DNT ung

Den aller enklaste 2000-meterstoppen å nå frå Eidsbugarden er Galdeberg.

Turen går langs nordsida av Bygdin før ein skrår opp i sida og ut på Høystakkane. Vidare fortsett turen med jamn stigning mot Galdeberget. Når ein kjem til topps er utsikta storslagen. Her ruvar Slettmarkspiggen, Slettmarksbreen og eit titals andre 2000- metarar i beste augesyn.

Gradering: Blå (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt:
- Fredag 09:00 - 17:00, oppmøte ved turinfoen kl. 08:45,


Langeskavltinden (2014 moh) m/DNT ung

Klar for ein akkurat passe utfordrande 2000-meterstopp? Då er dette fjellturen for deg.

Ruta går nordvestover frå Fondsbu, opp mot nordsida av Sløtatjednet. Vidare går ein opp fjellsida, før ein rundar av mot venstre og rundt skavlen som ligg i nordaushelinga. Vidare går ein mot Langeskavlen (1878 moh.) og Langeskavltinden (2014 moh.) Herifrå ser ein Urdanostind i vest, Falketind i sørvest, og er veret fint, ser ein like til Hurrungane.

Gradering: Blå (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt:
- Fredag 08:00 - 18:00, oppmøte ved turinfoen kl. 07:45


Turane er i regi av DNT ung. 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke
  • Solbriller og solkrem

Oppmøte: DNTs turinformasjon

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
galdeberg
langeskavltinden

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.