Vinjerock 2019: Kræsjkurs i orientering

Arrangementsinformasjon

Kræsjkurs i orientering

Kan du å bruke kompass? Veit du opp ned på eit kart? 

På tur er kart og kompass din beste ven, det kan bety forskjellen på om du finn fram til hytta eller blir sovande ute. Dette kurset passar for deg som vil ha ein grei innføring i bruk av verktøy for å navigere på tur. Det er eit praktisk kurs med innlagt tur, der deltakarane blir utfordra til å finne vegen


Gradering: Grøn (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt: Fredag 13:00 - 15:00

Utstyr: 

  • Litt mat og drikke
  • Sitteunderlag
  • Kle etter vêret og gode sko

Oppmøte: DNTs turinformasjon 

 

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
orientering
kræsjkurs
kræsj

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.