Vinjerock 2019: Turmatkurs

Arrangementsinformasjon

Turmatkurs

Kursholdarar frå DNT ung vil lære korleis ein skal pakke med seg mat til lengre turar, og korleis ein skal legge opp kosthaldet på tur. Dei vil også tilberede gode rettar som er enkle å lage på tur. Me har tre ulike kurs: vegetarmat, turmat og turdessert. Høg kosefaktor!

Gradering: Grøn (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt: 

  • Vegetarmat: torsdag 15:00 - 17:30
  • Turmat: fredag 12:00 - 14:30 
  • Turdessertkurs: laurdag 12.00-14.30

Utstyr: 

  • Vanlege turklede
  • Sitteunderlag
  • Drikke

Oppmøte: DNTs turinformasjon

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
turmat
turmatkurs
vegetarmat
tur

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.