Vinjerock 2019: Multisport

Arrangementsinformasjon

Vinjerock:Multisport presentert av Gjensidige Valdres

Pris: Kr 900 pr lag (2 personar)

Gradering: Blå

Tidspunkt: Laurdag 11:00 - 14:00

NB! Skriv namnet på laget og båe deltakarane i kommentarfeltet ved betaling. Du må ha festivalpass for å delta i konkurransen.

Klar for di mest varierte fjelloppleving nokon sinne? Med friluftsglede i fokus, og moglegheit for å teste konkurranseinnstinktet!? Vi gjev deg Vinjerock:Multisport 2018!

Start og mål på Eidsbugarden, postar i nærområdet i ein radius på ca. 5 km.

Personleg utstyr: Joggesko, sekk, skallklede (på seg eller i sekken), tørt skift i sekk, minst ein liter vatn, pluss at vi anbefalar noko energifylt å knaske på.

Lagutstyr: Mobiltelefon i tett pose, kompass, pluss at vi anbefalar enkelt fyrstehjelpsutstyr.

Utlevert utstyr: Ved start får utøvarane utdelt kart med delvis postskildring. Elles er alt nødvendig utstyr på dei bemanna postane.

Konseptet: Målet i konkurransen er å samle flest poeng på til saman tretti postar. 

Val av rute er fritt, men bør leggast opp med tanke på å få mest mogleg poeng, og å unngå kø på postar.

Poengberegning: På dei ubemanna postane får ein poeng etter kor posten ligg (poenga er angitt på kartet). På dei bemanna postane får ein poeng ut frå korleis oppgåva vert gjennomført.

Tidsstraff: Tidsstraff for kvart påbegynte minutt over tidsfrista, diskvalifisering ved målgang meir enn 10 min over 3 timar.

Klasseinndeling:

  • Dame
  • Herre
  • Mix

Oppmøte: DNTs turinfo i Vinjeparken

 

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (stig.oystein@vinjerock.no) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.