Vinjerock 2019: Skeiv singeltur

Arrangementsinformasjon

Skeiv singeltur
Singel, glad i festivalar og liker å gå i fjellet? Då hadde vel ingenting vore bedre enn å finne kjærleiken på fjellet – under Vinjerock?

Me ønskjer å sjå flørt i fjellet, og håpar det vil oppstå søt musikk når me tek den gode stemninga på singelturane og lanserer den i skeiv versjon! Om du er jente som likar jente eller gut som likar gut så er du velkomen til å prøve å finne kjærleiken med oss. To turleiarar er med for å vise veg, og inspirere til god stemning. Me sørger sjølvsagt for at begge kjønn er godt representert.

Er du mellom 20 og 30 år oppfordrar me deg til å melde deg på årets festivalnyheit, so slepp du å lure på om kjekkasen i teltet ved sidan av er singel – og om de eigentleg har nokon felles interesser.

Finn du ikke kjærleiken denne gongen, har du i alle fall fått ei flott oppleving – og ei grøn lue du kan bruke igjen på neste fjelltur.

Gradering: Grøn (sjølvsagt!). Meir info under.

Tidspunkt:

Torsdag 14:00-16:00
Oppmøte ved turinfoen kl. 13:45, vi går fra festivalområdet kl. 14:00. Turen varar om lag to timar.

Utstyr:

  • Mat og drikke
  • Gode sko
  • Glimt i auge

Oppmøte: DNTs turinformasjon


Fjellsjekkereglane

1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!

2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.

3. Vis respekt for andre sin luefarge. Grøn lue betyr ledig, rød lue betyr opptatt og oransje betyr kanskje åpen for kontakt.

4. Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalgte.

5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjertet går ofte gjennom magen. 6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.

7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørre om hjelp til å bruke det.

8. Gå ikkje åleine, spør om de skal slå følge.

9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spørre om telefonnummeret.

10. Spar ikkje på smila og le av dårlege vitsar om nødvendig.

 

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
snøggprat
lyngen
speeddating
kvinnfolk

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.