Vinjerock 2019: Swingkurs

Arrangementsinformasjon

Fjellswing

Har du lyst til å ha det swingande moro i fjellheimen?

Meld deg på fjellswing, då vel!

Her får du moglegheita til å læra deg swing med høgt fokus på å ha det kjekt på dansegolvet. På kurset vil ein lære seg ein type 4-takts bygdeswing, ypparleg for festival og moro. Det blir fokus på enkle ting som gjer vegen ut på dansegolvet kortare. Alt i alt lite komplisert, men mykje moro. Du treng ikkje å kunna noko swing frå før, lysten til å trampe takta og ha det moro er nok.

Kurset vil vara i 2 timar. Lenge nok til å ha det moro, kort nok til å ikkje gå glipp av alt anna på festivalen.

Hugs å melde deg på som «gut» eller «jente» alt etter kva du ynskjer å dansa som. Det er ikkje nødvendig å ha dansepartner for å melda seg på.

Instruktørane er Elisabeth Mork Fjeldvær og Kristoffer Nedrehegg. Dei har fleire års swingande erfaring og likar å kombinera ulike typar swing i lag.

Bli med å swinge i mektig natur, meld deg på!

Gradering: Grøn. (sjå "Restriksjoner" under)

Tidspunkt: 

  • Torsdag 13:00 - 15:00
  • Fredag 11:00 - 13:00

Utstyr: 

  • Sko som er moleg å danse i
  • Godt humør

Oppmøte: Ved Vinjestatuen utanfor Eidsbugarden Hotell


vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
fisketur

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.