Vinjerock 2019: Vinjepride

Arrangementsinformasjon

VINJEPRIDE 

Bli med på den mest fargerike turen denne sommaren. Me feirer kjærleik og mangfald i fjellet med regnbogetur til Reinsdyret ovanfor Eidsbugarden, fredag 19. juli 2019. Me avsluttar turen med «homohour» i Solbaren kl 13:00. 

Bli med å toppe fjorårets tur, for å vise at Vinjerock og friluftslivet er ein stad for alle. Både heterofile og LHBTIQ-personar

Me oppfordrer alle fine festivalmenneske om å bli med oss og DNT på Vinjepride. Turen er for deg - uansett om du er skeiv, undrande, støttande eller berre nysgjerrig og glad i litt ekstra støy. 

Oppmøte ved DNTs turinfo kl 11:30. Ta med deg sitteunderlag, nistepakke og noko godt på innerlomma. Oppe ved reinsdyret blir det apellar og god stemning.

Alle kan møte opp, og det kostar ingenting å vere med. Viss du vil støtte FRI Innlandet kan du kjøpe ein billett her på ticketco til 50kr, men du må altså ikkje ha billett for å vere med.

Me sjåast!

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
fisketur

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2017, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (stig.oystein@vinjerock.no) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.