Vinjerock 2019: Vinjesafari

Arrangementsinformasjon

Er du nysgjerrig på kva nyttevekstar ein kan komma over i fjellet? I år har du tre safarimoglegheitar:

Høgfjellssafari

Dette er ein litt lengre tur som inneheld litt meir gange enn tidlegare års safariar. Me startar frå Eidsbugarden og går eit lite stykkje inn langs Bygdin, før me klyv opp Gravafjellet og går vidare i slakare terreng innover mot Høgbrotet. Undervegs ser me på forskjellane i flora og fauna mellom dei frodige, sørvendte liene nede ved Bygdin og det karrige høgfjellsterrenget lenger opp. Tempoet blir litt raskare enn på ein blomesafari, men framleis langt unna tinderanglarfart.

Tidspunkt: Torsdag 11:00 - 13:00

Gradering: Grøn. (sjå "Restriksjoner" under)


Blomesafari

Me går i området rundt Eidsbugarden for å sjå på blomane som finst i floraen i høgfjellet.

Tidspunkt: Fredag 12:00 - 14:00

Gradering: Grøn. (sjå "Restriksjoner" under)


Sankesafari
På denne turen leiter vi etter planter med ymse bruksformål, både mat, krydder og medisin. Vi hoppar òg innom giftplanter vi møter på vegen, men fortrinnsvis let vi vere å smake på dei. Det blir neppe moglegheit for å eta seg mett på det ein kjem over i løpet av turen, men dersom du ønskar å lære korleis ein kan krydre brennevin med urtar frå fjellet er dette absolutt noko for deg!

Tidspunkt: Laurdag 12:00 - 14:00

Gradering: Grøn. (sjå "Restriksjoner" under)


Utstyr: 

  • Fjellsko
  • Turklede 
  • Kikkert (om du har)
  • Notatblokk kan også vere kjekt å ha med

Oppmøte: DNTs turinformasjon

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
safari
giraff
sankesafari
høgfjellssafari
høgfjell
vang

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2019, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (johanne.g.reiten@gmail.com) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.